Blåfjellet om Inngardsstølen frå Indre Oppedal

Fellestur

Dato
17. august kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turen til Blåfjellet er framskunda med ei veke i høve opprinneleg oppsett turprogram.

Laurdag 17. august tek vi turen til Blåfjellet 823 moh som ligg på kommunegrensa mellom Høyanger og Gulen. Oppmøte ved ferjekaien i Lavik til kl. 9.45. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja som går frå Lavik kl. 10.00.  Når vi kjem i land på Oppedal, køyrer vi vidare til Indre Oppedal og innover dalen til Fossen. Herifrå går vi til Inngardsstølen. Frå Inngardsstølen er det jamn stigning. Vi følgjer fjellryggen oppover. Det vil vil vere fin utsikt ned att i Fossedalen, der vi parkerte bilane. Når vi nærmar oss Blåfjellet, vil Sognefjorden kome til syne. På returen vil vi vurdere å gå om Årnesstølen og Årnesvatnet. Dette er ein litt lettare sti tilbake til Inngardsstølen.

Vi reknar med å bruke 5-6 timar på turen. Ta med niste og drikke.

Terje Instefjord vil vere med som kjentmann.

Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/

Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

Blåfjellet om Inngardsstølen frå Indre Oppedal

Turen til Blåfjellet er framskunda med ei veke i høve opprinneleg oppsett turprogram. Laurdag 17. august tek vi turen til Blåfjellet 823 moh som ligg på kommunegrensa mellom Høyanger og Gulen. Oppmøte ...

Kontaktinformasjon:

  • Anita Taftø
  • Tlf. 99312587