Sognefjorden panorama

Fellestur

Dato
10. juni kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Fjordutsikt
Arrangører
Balestrand og Høyanger Turlag, Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Måndag 10. juni, 2. pinsedag, arrangerer Høyanger og Balestrand Turlag og Indre Sunnfjord Turlag fellestur over fjella som går langs E39 frå munningen på Vadheimsfjorden til Indre Torvund.

Vi går løypa frå Avsnes til Indre Torvund via Fløyen 764 moh, Hatlelifjell 781 moh, Duken (Tjørnebotnsstølen) 480 moh og Blåfjell 719 moh. Turen byr på storslagen utsikt i alle himmelretningar. Vi ser mellom anna Storehesten og Blegja i nord, fjella i Stølsheimen i sør, Bråsviksåta i Gulen og Lihesten i Hyllestad i vest og innover mot Fresvikbreen i Vik i aust.

Vi møtast på parkeringsplassen på Indre Torvund, ca. 400 meter vest for Noreviktunnelen kl. 09.00. Her fyller vi opp bilane med turdeltakarar og set igjen flest mogleg bilar før vi køyrer nokre kilometer austover til parkering og turstart ved Avsnestunnelen.

Turen er middels krevande. Turen startar på ca. 50 moh og går forsåvidt bratt opp, på fin sti, til Fløyen på 764 moh. Etter dette går turen i forsåvidt lettgått terreng. Vi reknar med å bruke 7-8 timar på turen. Ta med mat og drikke.

Turleiarar:

  • Anita Taftø (Balestrand og Høyanger Turlag)
  • Roy Raasholm Fauske og Heidi Anne Brekkhus Ødemark (Indre Sunnfjord Turlag)

For deltakarar frå Indre Sunnfjord Turlag som ønskjer å køyre saman med andre eller treng transport, er det avreise frå Esso i Førde kl 08.00.

Vi minner om at deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

Sognefjorden panorama

Måndag 10. juni, 2. pinsedag, arrangerer Høyanger og Balestrand Turlag og Indre Sunnfjord Turlag fellestur over fjella som går langs E39 frå munningen på Vadheimsfjorden til Indre Torvund. Vi går løypa frå ...