Gavlen

Fellestur

Dato
2. juni kl. 09:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Søndag 2. juni tek vi turen til Gavlen på Høyanger sørside. Oppmøte ved Lavik ferjekai til kl. 09.45. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja som går frå Lavik kl. 10.00.  Når vi kjem i land på Oppedal, køyrer vi vidare til Søreide. Dersom det er snøfritt, køyrer vi Solnipavegen til fjells. Herifrå er det ca. 300 høgdemeter til Gavlen og ca. 1 times gange i roleg tempo. Frå Gavlen vert det lagt opp til ein rundtur om Bjørnsvatnet og Småtvatna før vi går tilbake mot Dyttingane og parkeringsplassen for bilane. Dei som ikkje ønskjer å vere med på rundturen, kan gå same vegen tilbake til parkeringa og vente på resten av turfølgjet her.

Solnipavegen vart bygd i samband med Østerbø kraftverk, og vegen hadde offisiell opning august 2018. Geir Helge Østerbø vil vere med som kjentmann og vil fortelje om utbygginga av Østerbø kraftverk.

Vi reknar med å bruke 3 - 4 timar på turen.

Ta med niste og drikke.

Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/

Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

Gavlen

Søndag 2. juni tek vi turen til Gavlen på Høyanger sørside. Oppmøte ved Lavik ferjekai til kl. 09.45. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja som går ...

Kontaktinformasjon:

  • Anita Taftø
  • Tlf. 99312587

Turleder:

  • Anita Taftø