Brattkortkurs for ungdom (inne)

Kurs

Fra dato
22. januar kl. 18:00
Til dato
29. januar kl. 23:00
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Har du lyst til å byrje og klatre? Indre Sunnfjord Turlag arrangerer i samarbeid med DNT Ung Sogn og Fjordane brattkortkurs for ungdom. 

Her vil du få grunnleggjande erfaring i klatring inne, og bruk av klatreutstyr som tau, taubrems og klatresele. Brattkortet gjer at du kan klatre på innendørsvegger uten å ha med instruktør. Kortet viser at du er kvalifisert til å bruke sikringsutstyr og klatrevegg på ein forsvarleg måte. Kurset går over to kveldar 22 og 29.01 frå kl 18 til kl 23 og  til saman ca.10 timar.

Alder: Deltakarane må ha fylt 13 år innan siste kursdag. Deltakare under 18 år må ha samtykke frå ein føresett for å delta på kurset. Last ned samtykkeerklæring her: https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/62a8d3c0af9854f271544006bbd2c313e3ca8970.docx.

Fyll ut samtykkeerklæring og send til: jette.bergfjord@dnt.no.

Dato: 22. og 29.januar kl.18 -23.

Stad: Sunnfjordhallen.

Arrangør: Våtedalen Tindeklubb.

Utstyr: Utstyr er inkludert i kursavgiften. Ta med treningstøy, drikke og ei god matpakke. Det kan vere lurt å ta med ekstra varme klede då det kan vere kaldt i klatrehallen vinterstid. 

Erfaring: Ingen.

Pris: Medlem kr.200, ikke-medlem kr.1200. Bli medlem her. Inkludert i prisen får du kurset, kursleiing og lån av klatreutstyr.

Spørsmål? Ta kontakt med Sogn og Fjordane Turlag på epost: jette.bergfjord@dnt.no eller tlf: 41 64 91 99.

 

Kontaktinformasjon: