Øyane Over

Fellestur

Dato
26. mai kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Helgeturar
Arrangører
Flora Turlag, Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  Saman med Indre Sunnfjord Turlag

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane. Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.  

Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit vist tempo på turane over toppane. Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra klær, mat og drikke med deg som står på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane.  Husk å ta med godt med drikke og mat for heile dagen.

På Øyane Over kan du ikkje ta med hund – fordi det er sauer med lam på beite.

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett hos turleiar.  Husk å betal når du har fått bekrefta plass. Ved betaling i nettbank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Du kan også betale på VIPPS til: Flora Turlag 554905. Husk å ta med kvittering. 

Turleiarane har raud turleiarvest på.
Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Påmelding og informasjon innan laurdag 25.mai kl 18.00 og er bindande:
Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen  415 49 299  eller
                           Arnfrid Bergheim  481 23 163

Indre Sunnfjord Turlag:  Heidi Ødemark   980 32 513

Siste retur frå Kinn kl. 18.30  tilbake på Fugleskærskaia i Florø til kl. 19.00 -  då båten skal inn i ordinær rutetrafikk.

Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear.  Dersom været eller andre forhold tilseier det kan vi korte ned på turane og gjere rutendringar undervegs.

Informasjonsark til Øyane Over    Viktig at du les denne informasjonen - Skriv det gjerne ut og ta det med deg! 

Gledeleg melding frå Gunhild Bjelland, eigar av Batalden Havbu: 
"Søndag 26.mai blir det sommeråpning av galleriet under "Øyane over" med m.a. Kjeld og Alexander Stub som gjesteutstillar." 
Her kan du lese meir: 
http://www.bataldenhavbu.no/

 

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr. 600

Ikkje medlem: kr. 650

Ungdom < 25 år med studentbevis kr. 550

Kontonummer:  3775 65 53268

VIPPS nummer554905    Øyane Over 

 

Les meir om turane her - turane er beskrevne her, men på Øyane Over deler vi opp rutene.
Følg turleiarane og deira rettleiing.

https://www.ut.no/tur/2.15892/  Turen på Hovden

https://www.ut.no/tur/2.7246/    Turen på Batalden 

http://www.ut.no/tur/2.10008/   Turen ned frå Blåkollen - Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15864/    Turen rundt på Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15886/    Turen rundt på Kinn - Sunnivaleia

http://www.ut.no/tur/2.15885/    Turen rundt på Kinn - gjennom Kinnaklova

Øyane Over

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  Saman med Indre Sunnfjord Turlag Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen ...